Elevundersøking

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der alle  elevar ved Sykkylven vgs får seie si meining om læring og trivsel i skulen. 

Elevar bygger korthus - Klikk for stort bilete

Svar frå undersøkinga blir brukt av skulen, fylkeskommunen og staten for å følgje opp skulemiljøet og trivselen til elevane. Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga, og det er òg mogleg å hoppe over spørsmål.

Elevane oppgir ikkje namn, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Det er derfor vanskeleg å finne ut kven som har svart kva i undersøkinga. I nokre få tilfelle (til dømes ved små skular), kan det likevel vere ein risiko for at nokon kan kjenne att kven som har svart kva. Derfor er det svært strenge reglar for vising av resultat frå undersøkinga til skulen, skuleeigaren og dei statlege utdanningsmyndigheitene. Resultat frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogleg å kjenne att svara til elevane.

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara i Elevundersøkinga blir lagra og brukt på rett måte. Svara frå Elevundersøkinga blir lagra så lenge det er nødvendig, og kan bli brukt til forsking og statistikk og kan lagrast i arkiv. Statistikk frå undersøkinga er tilgjengeleg på udir.no.

Her finn du utfyllande informasjon på fleire språk om formålet med undersøkinga og korleis personopplysningane som blir samla inn, blir behandla. Slik behandlar vi personopplysningar i Elevundersøkelsen | udir.no