Info for føresette

Sykkylven vgs har eit særs godt læringsmiljø mykje takka vere gode relasjonar mellom lærarar, føresette og elevar. Vi er opptatt av at føresette fremmar positive haldningar til skulen, og at det er lav terskel for å ta kontakt.

Det viktigaste du gjer som føresett

  • Vis interesse for ungdommen sin skulegang!
  • Følg med på fråvær, vurderingar og merknader i Visma InSchool (sjå nedanfor). Husk at fråvær skal meldast på førehand!
  • Orienter deg om dei rettigheitene og reglane som gjeld for elevane.
  • Kontakt skulen om det er noko du lurer på eller vil informere om
  • Føresette blir invitert til informasjonsmøte i august/september, oppstartssamtalar før haustferien og halvårssamtalar i januar/februar.

Informasjonskanalar

Heimesida

Noko informasjon til føresette er samla på «Info for føresette» (du er her), men les gjennom informasjonen som er retta mot elevane. For deg som føresett kan det vere nyttig å orientere deg om  rettigheiter og reglar som gjeld eleven.  Vi vil spesielt be deg legge merke til det som står om skulereglar og fråværsreglement.

Tilgang til og bruk av InSchool

Det å ha tilgang til InSchool gir deg som føresett høve til å vere oppdatert når det gjeld både vurdering og fråvær. 

Føresett-tilgang via nettlesar på PC eller mobil (ikkje mobil-app) Du treng BankID.

Foreldretilgang etter fylte 18 år. Eleven gir samtykke ved å fylle ut dette skjemaet.

Eleven må deretter gje tilgang til kontaktpersonen sin i InSchool frå "Min profil"  og “Kontaktpersontilgang”. Eleven kan endre og blokkere tilgangar som han eller ho vil.

Introduksjonsvideo til InSchool for føresette

Du kan lese meir om InSchool på mrfylke.no

Informasjonsmøte 

Føresette vg1: onsdag 2.september 2026. 
Yrkesfag kl 18 ,Studiespesialisering kl 19

Føresette vg2: onsdag 9.september 2026. 
Yrkesfag kl 18 ,Studiespesialisering kl 19

Korleis kan vi saman bidra til at ungdommane våre trivst, lærer og lykkast på vidaregåande skule?

De får viktig innsikt i kvardagen til elevane og høve til å møte både skuleleiing og kontaktlærarar.

I fellesdelen av møtet vil vi informere om mellom anna skulemiljø, førebygging av mobbing, fråversreglar, vurdering, foreldresamarbeid og korleis de som føresette kan følgje opp eleven gjennom InSchool. De får også innblikk i skulen sine resultat og satsingar, samt informasjon om moglegheiter innan internasjonalisering og samarbeid med arbeidslivet.

Etter fellesøkta held vi klassevise møte med kontaktlærar. Her blir det orientert om timeplan, utviklingssamtalar, utstyrslister, aktivitetar og forventningar til samarbeidet mellom heim og skule. Det blir også høve til å stille spørsmål og bli betre kjent med skulen sitt arbeid.

Forsking og erfaring viser at samarbeid mellom heim og skule har stor betydning for elevane si læring, trivsel og gjennomføring. Vi håpar derfor at så mange som mogleg tek seg tid til å møte.

Vi ser fram til å møte dykk og til eit godt samarbeid om det viktigaste vi har felles: ungdomane våre.

Andre nettstadar

Vilbli gir ei god oversikt over utdanningsprogramma i vidaregåande skule. 

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram