• Hopp til innhald
  • Hopp til meny
  • Hopp til søk
Sykkylven vidaregåande skule Sykkylven vidaregåande skule
  • Kontakt oss
  • Om skulen

Meny

Snarvegar

  • For elevar og føresette
  • Eksamen
  • InSchool
  • IT og elev-PC
  • Skuleferie og fridagar
  • Utdanningstilbod
  • Kontakt oss
  • For elevar og føresette
  • Om skulen
Du er her:
  • Framside
  • For elevar og føresette
  • Eksamen, vurdering og vitnemål
  • Eksamen for elevar
  • Bruk av PC og internett

Bruk av PC og internett

Sjekkliste PC/MAC før eksamen

Sjekkliste/informasjon til elevar og privatistar i forkant av eksamen, om bruk av datamaskin (PC eller Mac). Vi presiserer at Chromebook eller nettbrett ikkje bør brukast på eksamen.

Dette må du vite eller gjere før eksamen:

  • Sjekk at datamaskina (PC eller Mac) fungerer på nettverket mrfylke-sikker (gjeld kun elevar, privatistar får ikkje sjekka dette).
  • Husk å ta ein restart av maskina på eksamensdagen. Du bør også ta ein restart av maskina dagen før eksamen, for å gjennomføre oppdateringar.
  • Du må ta med ladar/strømforsyning og mus viss du brukar det. På eksamen i engelsk og framandspråk treng du headset utan bluetooth.
  • Microsoft 365: du må ha installert programma lokalt på datamaskina (online versjonar fungerer ikkje). Test at:
    • Ordliste og korrekturverktøy for Word fungerer
    • Sidene i OneNote er synkronisert på PC-en
    • OneDrive er synkronisert til PC-en, og at du kan lagre lokalt til datamaskina di
  • Du må laste ned ordboka til maskina, slik at du kan bruke offline-versjonen på eksamen. Ordbok er alltid tillatt som hjelpemiddel.
  • Sjekk at lagre/skrive til pdf fungerer, det gjelder særlig Mac, men også PC.
  • Husk at alle program må kunne brukast offline (test med å skru av wifi på maskina di).
  • Du bør gå inn på kandidat.udir.no og lese informasjonen om eksamensfaga dine.
  • Du må kjenne til kva for nettressursar du kan bruke på eksamen, teste at dei fungerer, og lagre lenkene.
  • Du skal ha fått god informasjon av skolen om kva som blir rekna som juks, forsøk på juks, konsekvensar av juks, og at det vil bli tatt stikkprøver for å avdekke dette.
  • Det er ikkje lov å ha chatrobot eller KI installert på maskina du brukar på eksamen. VPN er heller ikkje lov og må fjernast frå maskina.
  • Sjå også nettsida “støtte til teknisk oppsett av maskinen” (udir.no) om korleis du fjerner forfattarinformasjon, setter tastaturspråk, stavekontroll og bruk av mobilkamera under eksamen

Her finn du oss

Sykkylven vidaregåande skule

Kyrkjevegen 6

6230 Sykkylven

Kontakt oss

Telefon sentralbord:

71 28 22 00

E-post: sykkylven.vgs@mrfylke.no

 

Om skulen

Ansvarleg redaktør og rektor: Barbro O. Midtgard

Org.nr: 944 183 779

Varsle om skulemiljø

Følg oss

  • Youtube
  • Facebook
  • Instagram
  • Personvern og Informasjonskapsler
  • Tilgjengeligheitserklæring
Til toppen