Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Search > Advanced

Avansert søk


Rundskriv 17/06 1. gangs ajourhald skoleåret 2006/2007

 
Jrn./Arkiv:                                Molde, 15.08.2006
MR 14962/2006/062
 
 
Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Les meir

Rundskriv 19/06 Endeleg ajourhald skoleåret 2006/2007

 
Jrn./Arkiv:                                Molde, 27.09.2006
MR 17987/2006/062
 
Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Les meir

Spesialundervisning

Spesialundervisning – er en rettighet etter opplæringsloven som skal sikre en tilpasset og likeverdig opplæring for personer som ikke har, eller som ikke kan få, tilfredsstillende utbytte av den ordinære opplæringen. Mens tilpasset opplæring er for alle, er retten til spesialundervisning knyttet til et enkeltvedtak basert på sakkunnig vurdering. Vedtaket skal vere så klart og fullstendig at det ikke er tvil om opplæringstilbudets omfang, organisering og innhold. Alle som får spesialundervisning, skal ha en individuell opplæringsplan. (Henta frå Utdanningsdirektoratet si brosjyre Likeverdig opplæring.) 

Enkeltvedtak om rett til spesialundervisning

Enkeltvedtak om rett til spesialundervisning eller enkeltvedtak om ikkje rett til spesialundervisning skal fattast av skolen når det føreligg sakkunnig vurdering frå PPT. Skolen brukar den sakkunnige vurderinga som grunnlag når dei fattar eit enkeltvedtak. Skolen kan velje å avvike frå den sakkunnige vurderinga, då denne er rettleiande. Avvik skal utan unntak grunngjevast i vedtaket. Det er skolen som er ansvarleg for det pedagogiske tilbodet. 

Enkeltvedtaket skal vere så klart at det ikkje er tvil om kva opplæringstilbod eleven får, og kvifor skolen gir dette tilbodet. Alle felt i vedtaksskjema skal vere utfylt. 

Mal for vedtaka finn du her:
https://mrfylke.no/om-oss/dokumentbase#acc-7345

IOP Individuell opplæringsplan

Alle elevar som skal ha spesialundervisning skal ha eit enkeltvedtak om rett til spesialundervisning og ein IOP. Eleven si individuelle opplæringsplan bygger på det som er fastsett i enkeltvedtaket og er arbeidsverktøyet til skolen/ lærarane. Ein IOP kan ikkje fastsette noko som ikkje er innanfor rammene av enkeltvedtaket.

Kontaktlærarar og faglærarar i Møre og Romsdal fylke sine vidaregåande skolar, skal frå skoleåret 2016-2017 bruke IOP-sky for å skrive IOPar: https://iop.mrfylke.no.

Vi minner om at IOP er eit levande dokument og det er høve til endringar undervegs i skoleåret. Det er viktig at ein IOP speglar det faktiske opplæringstilbodet eleven har.

Når du skal logge inn i skya så må du bruke totrinns pålogging: Brukerveiledning finner du her.

Opplæring i institusjon

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring der det blir gjort vedtak om plassering i institusjon etter barnevernlova, jf. Opplæringslova § 13.2. 

Spesialundervisning

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for grunnskoleopplæring og spesialpedagogisk hjelp for elevar busett på institusjon, og dette betyr at fylkeskommunen har ansvar for å ivareta elevane sin rett til spesialundervisning.

Tilmelding til PPT

Det er skolen si plikt å prøve ut tiltak før tilmelding til PPT, så framt det ikkje er heilt opplagt at eleven har behov for spesialundervisning. Dette er ei vurdering skolen gjer. Skolane har plikt til å prøve ut tiltak og til å kartlegge elevane sine behov for tilrettelegging. Kartleggingsarbeidet skal vere skriftleggjort gjennom ein pedagogisk rapport som skal ligge ved til tilmelding til PPT

 

Vurdering av behov for ny sakkunnig vurdering

Sakkunnig vurdering for vidaregåande opplæring skal gjennomgåast av skolen eleven er tatt inn ved og tilhøyrande PPT.