Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Search > Advanced

Avansert søk


Ofte stilte spørsmål

Har du spørsmål om skoleskyssportalen? Her finn du ofte stilte spørsmål og svar.
Finn du ikkje det du leitar etter, ta kontakt med skoleskyss@mrfylke.no

Regionale møte 2012 / Planseminar

Heile 80 personar deltok på Planseminaret som samferdselavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen arrangerte 3. og 4. oktober. 23 av kommunane, fleire interessegruppe og fleire næringslag var med.

Planer og strategiar

Fylkeskommunen er ein stor vegeigar, men samferdsle er meir enn berre bilveg.

Vi må sjå transportsystemet som ein heilskap, der kollektiv, sykkel, gange, ferje, fly, sjø, tog og veg inngår, og lage planer og strategiar for korleis dette systemet best kan utviklast for å vere til gagn for flest mogeleg i framtida. Dette gjer vi saman med staten sine underliggande etatar, nabofylker, kommunane, interesseorganisasjonar og gjennom internasjonalt arbeid.  

 

Regionale møte 2011

For andre året på rad inviterte fylkeskommunen si samferdselsavdeling kommunane og andre miljø som arbeidar med samferdselsspørsmål til regionale møte. Responsen på dette som skal utviklast til å vere det viktigaste kontaktpunktet mellom kommunane og fylkeskommunen i samferdselsspørsmål var god. Det same var tilbakemeldingane etter møta

Samferdselsavdelinga inviterte saman med Statens vegvesen kommunar, næringslag og kompetansemiljø til to-dagars møte i oktober/november i kvar av regionane. Målet med møta var å bringe ut informasjon, og få innspel frå brukarar i forhold til utfordringar, behov, prioriteringar, planlegging m.m. Det er andre året slike møte vert arrangert, og tema var drift og vedlikehald.

 Dette er meint å vere ein årleg runde, og vil vere samferdsels-styresmaktene sin arena for dialog med kommunar og andre. Det deltok totalt 70 personar på møta, 24 kommunar var representert, i tillegg til fleire vegselskap, næringslag og andre. På dag 2 på møterundane vart det gjennomført 24 særmøte med enkeltkommunar og vegselskap. Tilbakemeldingane på møteopplegget var svært positive.

Regionale møte

I samband med plan- og økonomiarbeid i samferdselssektoren inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune v/samferdselsavdelinga og Statens vegvesen kvart år kommunar, regionråd, næringsliv, vegsamanslutningar og kompetansemiljø til regionale møter.

Målet med møta er å bringe ut informasjon om rammer og arbeid  med samferdsel, og å få innspel frå brukarane i forhold til behov, prioriteringar, planlegging, finansiering m.m. innan samferdsel. 

Regionale møte 2015

I april 2015 arrangerte Samferdselsavdelinga regionale samferdselsmøter med kommunar og interessentar i fylket. Møta vart avvikla i samarbeid med Statens Vegvesen.

Les meir

Første steg mot rassikker fv. 60 opna

17. juni tek trafikantane i bruk heile første byggesteget i rassikringa av fv. 60 mellom Røyr og Hellesylt.

Les meir

Fylkesvegar

Som vegeigar har fylkeskommunen eit viktig ansvar for planlegging, drift, investering og forvaltning av fylkesvegnettet.

Møre og Romsdal fylkeskommune eig og har ansvar for 3240 km fylkesveg (inkl. gang- og sykkelvegar). Vegeigaransvaret omfattar m.a. 61 tunnelar med ei samla lengde på om lag 78 000 meter, 1151 bruer med ei samla lengde på om lag 26 000 meter og totalt 57 ferje- og hurtigbåtkaier

Presentasjonar frå Regionale møte 2013

Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerer regionale møte i Kristiansund, Molde og Ålesund i 2013.

Les meir