Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Yrkesfag

Yrkesfaga gir deg kort veg til ei komplett og ofte ettertrakta utdanning med fagbrev/ sveinnebrev/ yrkeskompetanse. Du kjem deg raskt ut i praktisk arbeid og eiga inntekt. Mange vel å gå vidare til høgskule/ universitet/ fagskule. Med ei kombinert utdanning med både praktisk erfaring og teoretisk kunnskap, stiller du sterkt i arbeidsmarknaden. Da får du lett interessante jobbar - og høgare lønn.

Yrkesfaglege utdanningsprogram 2018-2019

I tabellen under ser du kva for utdanningar vi planlegg å tilby på Sykkylven vgs skuleåret 2018-19. I tillegg er det mange andre Vg2-tilbod på andre skular. For å få oversikt over kva for val du har etter Vg1, må du gå inn på www.vilbli.no. Der finn du oppdatert informasjon om kva som finns, og kva for skular som har dei ulike Vg2-tilboda.

Uansett kva for utdanningprogram du vel på Vg1, kan du få generell studiekompetanse etter 3 år på skulen, eller ein kombinasjon med fagbrev/ sveinnebrev og generell studiekompetanse etter 5 år. Norge treng både deg som vil arbeide i praktiske yrke og deg som vil arbeide i akademiske yrke. Norge treng fleire med ei god fagutdanning. Så bruk tida på skulen til å finne ut kva du trivst best med. Det er mange vegar å gå. Men du må finne det som passar for akkurat deg.

 HO 

  • Vg1 Helse- og oppvekstfag (1HO)
  • Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag (2BU)
  • Vg2 Helsearbeidarfag (2HE)
  • Lærling i bedrift i 2 år *
  • VG3 Påbygging til generell studiekompetanse (3SP)

DH

  • Vg1 Design og handverk (1DH)
  • Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag (2BU) - eit kryssløp frå 1DH
  • Lærling i bedrift i 2 år *
  • Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse (3SP)

TIP

  • Vg1 Teknikk og industriell produksjon (1TP)
  • Vg2 Industriteknologi (2IN)
  • Vg2 Automatisering (2AU) - eit kryssløp frå 1TP
  • Lærling i bedrift i 2 år *
  • Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse (3SP)

EL

  • Vg1 Elektrofag (1EL)
  • Vg2 Automatisering (2AU)
  • Vg2 Elenergi (2EL)
  • Vg2 Industriteknologi (2IN) - eit kryssløp frå 1EL
  • Vg3 Automatisering (3AU) + Verdiskaping i bedrift 1 år */ Fagbrev i skule
  • Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse (3SP)
         

*: Skulen samarbeider med fleire opplæringskontor, slik at du kan bli lærling i bedrift/ verdiskaping i bedrift (gjeld etter 3AU) og ta eit fag- eller sveinnebrev. Etter det har du rett til å kome inn på påbygging til generell studiekompetanse. Da får du færre skuletimar enn dei som tek påbygging rett etter Vg2.

Lenkjer:

Om yrkesfag generelt på nettstaden til NHO:  https://www.nho.no/Prosjekter-og-programmer/yrkesfag/fakta-om-yrkesfag/?gclid=Cj0KEQiA37CnBRChp7e-pM2Mzp0BEiQAlSxQCPSgAI23owGI0iungc4kZeHpM7lCfUIP9P32undS-ywaAm_b8P8HAQ.

Om høgare utdanning:

Fagskular i Norge: https://www.kompetansenorge.no/contentassets/e7dfa88e3697428ab4bcbe3740e500a6/nfs_interactive_screen.pdf

Y-vegen: https://utdanning.no/tema/hjelp_og_veiledning/y-veien

5 dører til vidare utdanning etter fagbrev: https://www.nho.no/Politikk-og-analyse/Kompetanse-og-utdanning/4-muligheter-for-videre-utdanning-etter-fagbrev/

Utdanning.no: https://utdanning.no/tema/utdanning/universitet_og_hogskole

Om DH-faga:

https://www.vilbli.no/?Lan=1&Falang=2&Program=v.dh&Side=1.2&Kurs=V.DHDHV1----

https://www.youtube.com/watch?v=8_pm7K2Gcug

https://www.youtube.com/watch?v=lVv97aFvqEc

Vidare utdanning etter DH - nokre eksempel:

Ålesund kunstfagskole: http://alesundkunstfagskole.no

Fagskular generelt: https://utdanning.no/studiebeskrivelse/design

Høyskolen Kristiania: https://kristiania.no/design-teknologi

Høgskolen i Oslo og Akershus: http://www.hioa.no/Studier-og-kurs/TKD/Bachelor/Kunst-og-design-studieretning-kunst-og-formidling

Estetiske fag i høgare utdanning: https://sok.samordnaopptak.no/#/studies

Har du spørsmål, kontakt ein av rådgivarane våre:

Rådgivar Dagfinn Fredly. Han er også avdelingsleiar for utdanningsprogamma Design og handverk + Teknikk og industriell produksjon + Elektrofag. Epost: dagfinn.fredly@mrfylke, Telefon: 71 28 22 21 / 413 17 985.

Rådgivar Liv N Hole. Ho er også avdelingsleiar for Helse og oppvekstfag. Epost: liv.nordli.hole@mrfylke.no, Telefon: 71 28 22 43 / 915 28 739.

Dokument

Utdanningsvegar i TIP og EL-fag
PDF-dokument - 207,35 kB