Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > Utdanningstilbod > Studiespesialisering > STUDIESPESIALISERING ROBOTIKK OG DIGITALISERING

STUDIESPESIALISERING ROBOTIKK OG DIGITALISERING

NYTT TILBOD!

Som den andre skulen i landet, tilbyr Sykkylven VGS linja Robotikk og Digitalisering frå hausten 2019.

Dette er eit treårig løp på studiespesialisering, som gir eit solid grunnlag for vidare studie til ingeniør og sivilingeniør.

Utdanning for framtida

Vil du lære deg kraftige verktøy for å handtere ei stadig meir kompleks verd? 

  • Lær det siste innan teknologi
  • Programmering av robotar, robotsimuleringar og praktisk arbeid med robot
  • Virtual Reality (VR)
  • Fordjuping innan automatisering, robotikk og kybernetikk - samt realfagskompetanse
  • Generell kompetanse og spesiell studiekompetanse (mange høgskular og universitet krev realfag for opptak)

OBS! Når du søkjer på vigo.no, må du gå inn på VG1 Elektrofag. Der finn du Robotikk og digitalisering.