Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > Nyheiter > Inntak skuleåret 2019-20

Inntak skuleåret 2019-20

Alle som har søkt skuleplass må lese denne informasjonen frå Inntakskontoret. 

Lånekassen informerer: 

Elevar med ungdomsrett kan søkje om stipend frå Lånekassen dersom dei har opptak, og takka ja til skoleplassen.

Utstyrsstipend til alle: bustipend og grunnstipend ved behov 

  • Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, som skal gå til utstyr elevane treng i opplæringa. Elevane får 1051 kroner, 2326 kroner eller 3887 kroner i utstyrsstipend for skoleåret 2019-2020, avhengig av kva utdanningsprogram dei tek.
  • Elevar kan også ha rett til bustipend på inntil 4517 kroner i månaden dersom dei må bu borte frå foreldra sine. 
  • Elevar frå familiar med svak økonomi kan ha rett til grunnstipend opptil 3282 kroner i månaden. Dersom eleven ønskjer å søkje om grunnstipend, må ho krysse av for dette i søknaden.  

 Foreldre må signere for stipend til elevar under 18 år

 For at foreldre skal kunne få svar på søknaden om stipend digitalt og signere avtalen raskare, bør dei opprette ei digital postkasse før eleven søkjer om stipend.

  • Dei kan velje mellom Digipost eller e-Boks på Norge.no.

 De finn meir informasjon om stipend og lån til elevar på lanekassen.no

 Vennleg helsing Lånekassen

 

Til elevar og foreldre i 1TP, 2IN, 1EL, 2AU og 3AU:

Når du har fått stipend frå Lånekassen, har du pengar som dekkjer utgifter til skule-pc og utstyrspakke. Skulen kjøper inn ein utstyrspakke til kvar elev. Den er forskjellig på dei ulike linjene. Skulen sender faktura heim til kvar elev for utstyrspakken.

Med denne ordninga har alle elevar godkjent utstyr til å arbeide på verkstader og på labar, og elevar som skal i praksis og på verkstad i 2AU har godkjende arbeidsklede. Opplæringskontoret for Møbel- Tre og Mekaniske i fag i Sykkylven (OMTM) er med og sponsar kvar elev på TIP. Sykkylven vgs sponsar kvar elev med ein ganske stor del av kostnaden, slik at stipendet frå Lånekassen dekkjer alle kostnadane du har til pc og utstyrspakken. Utstyrspakken er obligatorisk for alle elevar i Teknikk og industriell produksjon og i Elektrofaga.