Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > Nyheiter > Gratis skule PC

Gratis skule PC

Vil du ha gratis PC til hausten? 
Alle som er førsteårs VG1-elevar ved Sykkylven VGS får dette fantastiske tilbodet. Ved å søkje på utdanningsstipend dekkjer du eigenkostnadane fordelt over tre år. Resten betaler fylket.

Du får ein PC med forsikring i 3 år på batteri/lader/PC/skjerm/harddisk. Om du er uheldig og skader den, leverer du PCen inn på IT-kontoret.
Medan du ventar på reperasjonen får du låne ein PC. Forsikringa gjeld ikkje tap av maskina (for eksempel tjuveri).
Les meir om PC-ordninga her: https://skolestart.mrfylke.no/#/pcinfo#static-pc

PS! Hugs og søk utdanningsstipend hos Statenslånekasse for utdanning. Alle elevar har rett på dette stipendet.