Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > NYHEITER > SKULEN OPNAR FOR ALLE ELEVAR

SKULEN OPNAR FOR ALLE ELEVAR

Måndag 11.mai opnar skulen for undervisning etter vanleg timeplan. Alle elevar møter til ordinær tid. Det kan verte endringar på romplanen, sjekk vekeplanen for meir informasjon.

Det er svært nyttig at du les gjennom dei smittevernreglane som gjeld. Dei finn du her.

Ver særleg merksam på om du er FRISK, sjuke personar skal ikkje vere på skulen. HYGIENE, vask eller sprit hender når du kjem til skulen, før og etter du et, når du bytter klasserom og om du har blitt skitten. Ha god hostehygiene. AVSTANDEN til andre skal vere på minst ein meter, hald deg gjerne ilag med faste medelevar.

Det vil vere lov til å ete på klasseromma. Hald god orden.  Kantina blir open som vanleg. Hald 1 meter avstand også her.

Når anna klasse skal inn på klasserommet same dag, må gruppa som forlet rommet gjere reint på kontaktflater. Faglærar organiserer dette.

For deg som bruker skuleskyss, er det viktig å tenkje avstand på ein meter. Kan du ungå offentleg transport, er det fint.

Vi gler oss til å sjå deg! Vis omsyn og ansvar, så går dette veldig bra!