Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > NYHEITER > Interessert i robotikk?

Interessert i robotikk?

Skulen vår har to linjer der du får lære mykje om robotikk.

Robotikklinja

For deg som vil gå den raskaste vegen til ingeniørutdanning på universitet. Etter 3 år på Robotikklinja kan du søkje rett til ingeniørstudiet «Automatisering og intelligente systemer» t.d.på NTNU i Ålesund. I robotikklinja får du ein kombinasjon av fag frå Studiespesialisering (med R1, R2 og Fysikk 1) og Elektro og datateknologi med fordjuping i Automatisering. Da får du med deg ein del praktisk erfaring, sjølv om du ikkje tek fagbrev. I Vigo heiter linja «Automatisering (robotikk), studiekompetanse, 3-årig»

Elektro og datateknologi i vg1 og Automatisering i vg2 og vg3

For deg som vil ta fagbrev som Automatikar – og kanskje vil ta høgare utdanning seinare, på Fagskule eller som mange gjer; ingeniørstudiet «Automatisering og intelligente systemer» t.d.på NTNU i Ålesund. Dette gir deg ei solid utdanning med kombinasjon av fagbrev og høgare teknisk utdanning, som mange bedrifter har behov for i framtida.

 Les meir om dei to linjene under Yrkesfag.