Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > HUSET

HUSET

HUSET er eit koseleg lite hus I Sykkylven sentrum som opprinneleg var ein sykkelverkstad og butikk. Snart åtti år seinare flytta vi inn med ein ambisiøs visjon og store draumar om å skape ein unik møteplass mellom skulen vår og bygda – samstundes som vi får ein alternativ læringsarena for elevane ved skulen.

HUSET rommar mykje, og har mange funksjonar. I fyrste etasje har vi innreidd ein liten butikk og kafè der vi sel produkt som ungdomsbedrifter ved skulen har laga. Vi har ope i skuletida, og det er elevar som står bak disken og serverer dagens lunsj

I andre etasje har vi eit møterom og mange ekstra bord. Her kan elevar og andre samlast på kveldstid.

Følg HUSET på facebook