Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > Framsida > Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn

Sykkylven vidaregåande skule er sertifisert som Miljøfyrtårn.

Det gjer at vi:

  •  får hjelp til å arbeide heilskapleg, systematisk og langsiktig med tiltak som vil forbetre våre miljøprestasjonar, redusere klimagassutslepp – og bidra til ei grønn framtid.
  •  kan bruke smarte verkty for å arbeide konkret med berekraft innan område som arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport. Vi får også gode forutsetningar for å bidra til å oppnå fleire av FN sine berekraftsmål.
  •  kan møte forventningar om å arbeide ansvarleg, etisk, kostnadseffektivt.
  •  får hjelp til gjennomgong av rutinar vedr. innkjøp, avfallsreduksjon og lågare energiforbruk.
  •  får god grafisk oversikt, statistikk og rapportar som viser kva for effekt miljøarbeidet har hatt og følge med på kva vei utviklinga går.
  •  kan iverksette tiltak og sette nye miljømål for å forbetre våre miljøprestasjonar.
  •  får konkrete råd og hjelp til å få på plass gode rutinar for HMS og arbeidsmiljø, som kan bidra til å redusere sjukefråveret.
  •  kvart 3. år får eit fornya kvalitetsstempel, via ein uavhengig tredjepartskontroll, på at vi arbeider systematisk med miljø og tiltak som gjeld vår bransje.
  •  med eit anerkjent miljøleiingssystem arbeider konkret med berekraft, aukar fokuset på miljø og er stolte og engasjerte.

Les meir om Miljøfyrtårn i Møre og Romsdal Fylkeskommune

Snarvegar