Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Morotur > Turar > Vassnakken

Om turen

Gradering

Kommune

Ulstein

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde en vei (km)

1,7 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Vassnakken

Kvifor gå denne turen?

Turen passar for dei fleste, og går i flott natur. Første del av turen går på grusveg, og siste del går på sti i ulendt terreng. På Høgda, der ein tek av frå grusvegen er de eit rastebord om ein ynskjer kvilepause eller ein matbit. 

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar frå parkeringsplassen rett aust for innkøyringa til Eiksundtunnellen på Eika. Herifrå følger du grusvegen i søraustleg retning, til du kjem til eit vegkryss. Her tek du til høgre, og følger grusa veg i noko kupert terreng rundt sjølve vassnakken, til Høgda. Her finn du rastebord, og tek vidare av til venstre opp mot Vassnakken på sti.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda/Ørsta, ta Eiksundsambandet gjennom Eiksundtunellen, og sving til høgre før Eiksundbrua. Frå Ulstein/Hareid/Fosnavåg, køyr mot Volda/Ørsta, og ta til venstre rett før Eiksundtunellen. Parkering rett etter avkjøring.

Kvar kan du parkere?

Gode parkeringsmuligheter ved start, rett etter avkjørsel frå hovudveg.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 1,5
Natur 0,2
Lengde en vei (km) 1,7 km
Stigning meter grader
Total stigning 120 Høydemeter

Offentlig transport

http://www.frammr.no

Spesielle forhold

Det er mykje flått i området, så ver obs på dette når du tek av frå grusveg til sti, særleg i sommarhalvåret frå april til oktober.