Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Morotur > Turar > Aursnesvatnet rundt

Om turen

Gradering

Kommune

Ulstein

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Total lengde rundtur (km)

2,8 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Aursnesvatnet rundt

Kvifor gå denne turen?

Turen passar godt for småbarnsfamiliar, og er elles ein tur dei aller fleste kan klare utan erfaring. Ruta byr på vakker utsikt mot Leikong og innover mot Eiksund. Ein kan også møte på villsauer i området. Langs fjøra er det også ei rekkje fine plassar ein kan ta av frå stien og gå til.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar frå grusvegen i svingen ved enden av Aursnesvatnet, ca. 300 meter aust for Håheim på Selvågvegen. Parkeringsplass 50 meter frå svingen. Stien er lett og fin, og går mest nedover til enden av vatnet der det møter sjøen. Herifrå er det noko kupert terreng, men veldig flott sti. Nokre myrlendte områder. Fin utsikt utover sjøen mot Leikong og innover mot Eiksund. Stien kjem så opp ved bebyggelsen på Aursneset, og ein følgjer bilvegen, Selvågvegen, det siste stykket tilbake til utgangspunktet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda/Ørsta: Køyr E39 til rundkøyringa i Furene, ta av mot Ulsteinvik og køyr gjennom Eiksundtunnellen (RV653). Like før Selvågtunnellen tek du av til venstre, køyrer forbi bebyggelsen her mot Aursneset. Eit lite stykke etter du har passert sjølve vatnet, kjem du til ein liten parkeringsplass på venstre side av vegen, med plass til nokre bilar. Stien startar nokre meter lenger framme, på venstre side av ein krapp høgresving.
Frå Hareid/Ulsteinvik/Herøy-området: Køyr mot Volda/Ørsta (RV653) og ta av mot Selvåg rett etter Selvågtunnellen.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass til nokre få bilar på venstre side av Selvågvegen, ca 50 m. frå svingen der turen startar.
Alternativt kan ein parkere ved starten på gamlevegen rundt Aursneset, på Haddalssida. Der er parkering med god plass rett ved Selvågtunellen. Det er då nokre km ekstra å gå.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0.9
God sti 1,9
Total lengde rundtur (km) 2,8 km
Stigning meter grader
Total stigning 60 moh Høydemeter

Offentlig transport

Buss til Eiksund, gå av ved Selvåg. Bussruter mellom Volda/Ørsta og Ulsteinvik/Hareid/Fosnavåg: http://www.frammr.no/